Søre Ål Skolemusikk

Julehilsen fra korpsledelsen og NMF

Korpsledelsen ønsker alle medlemmer, foreldre / foresatte og andre som på ulike måter har støttet opp om korpset i 2015, en riktig god jul og et godt nytt år.

 

Her er hilsen fra NMF:

GOD JUL!        

 

«Hei, hå! No er det jul igjen!!.....Sa korpsleiaren og sende inn rapporteringsskjema» skreiv eg i brev og på nettsida for litt sidan. Eg er sikker på at innsendinga er i godt gjenge, og det er vi svært glade for. Ved å senda inn skjema er de med på å sikra at alle medlemmene våre kan driva aktiviteten sin på ein god og trygg måte, også i 2016. Mellom anna vil både du, som medlem, og utstyret du brukar vera forsikra på ein god måte, og du kan vera med på alt det kjekke som skal skje i NMF- regi i året som kjem. Ikkje nok med det; vi sikrar også grunnlaget for å få den offentlege støtta vi treng til aktiviteten vår. Eg vil difor takka alle de som gjer denne ekstrainnsatsen no midt i julestria! (Rakk du det ikkje? Framleis råd å nå det før julefreden kjemJ)

Året er på hell, og dei musikalske høgdepunkta har stått i kø. Også 2016
vert eit aktivt år. Ikkje før har vi runda årsskiftet så står nye, store arrangement for tur; konsertar, konferansar, store NM-arrangement og internasjonale meisterskap – både innan musikk og drill. Vi er også allereie godt i gang med planlegginga av markeringa av 100-årsjubilett i 2018. Vi håpar difor at mange kanskje kan nytta nokre rolege juledagar til å leita fram stoff til KORPSPEDIA. Her kan alle korpsa leggja historia si, og andre gode minner, ut på eiga internettside. Når vi kjem til 2018 vil dette kunna framstå som eit fantastisk oppslagsverk. Der kan vi kunna henta mykje kunnskap om korpsrørsla si utvikling, men det vi truleg også vera plass for litt lått og løyeJ.

På tampen av året vil eg, på vegner av alle oss i NMF, både regionalt og nasjonalt, nytta høvet til å takka alle som gjer all den store innsatsen for at musikk og drill framleis er heilt i front når det gjeld kulturaktivitet for unge og vaksne, aktivitet som har verdiar langt ut over det å spela instrumentet eller svinga drillstaven.

Det er slett ikkje alle som har det som oss om dagen. Særleg i år kan det vel vera verd å ha med seg dei grunnleggjande verdiane våre inn julehøgtida: Vi er «engasjerte, inkluderande og inspirerande».

 

Vi ynskjer kvar og ein ei fin adventstid og ei God og fredfull julehøgtid! Og når det kjem; Eit riktig Godt nytt korpsår!!

 

 

Beste helsing

                                                         

Karl Ole Midtbø           

Generalsekretær